Burnleys første siger sidan oktober
Burnley hadde ikkje vunne sidan dei slo Brentford 30. oktober, men i dag slo botnlaget til med 3-0 over Brighton og kom seg bort frå sisteplassen i Premier League. I mellomtida har dei spela 11 kampae utan siger.
Wout Weghorst og Josh Brownhill gav bortelaget 2-0 ved pause, og Aaron Lenon scora det tredje midt i andre omgang.
Burnley er framleis på nedrykksplass, men sneik seg forbi Norwich på målskilnaden. Norwich tapte 1-3 for Liverpool.
Også Watford er under streken trass ein sterk bortesiger med 1-0 over Aston Villa. Emmanuel Dennis scora målet i andre omgang.
Det betyr at botnlaga nærmar seg dei nærmaste laga over streken, Newcastle og Everton. Newcastle tok eit sterkt bortepoeng mot Weat Ham, medan Everton tapte 0-2 for Southampton.