Fann død passasjer etter ferjebrann
0
Ein av passasjerane som var sakna etter ein ferjebrann i Hellas, er funnen død. Ferja gjekk mellom Italia og Hellas, og begynte å brenne fredag. Ein annan av dei sakna passasjerane blei søndag funnen i live. No er det ti passasjerar det ikkje er gjort greie for.