Meiner Kviterusslands suverenitet er truga
Den kviterussiske opposisjonsleiaren Svetlana Tikhanovskaja kjem med krass kritikk mot at det er russiske soldatar i landet.
– Det at russiske soldatar er til stades på vårt territorium er eit brot på Kviterusslands grunnlov, folkeretten og trugar tryggleiken til alle kviterussarar og heile regionen, seier ho frå eksil i Litauen.
30.000 russiske soldatar skulle ha avslutta øvingane med kviterussiske kollegaer denne helga, og reise heim. Men no blir dei verande på ubestemt tid.