Drapsdømt i Møllendalssaka blir varetektsfengsla
Ein mann i 20- åra vart laurdag arrestert og varetektsfengsla i Bergen. Mannen er tidlegare dømt for medverknad til eit drap og frifunnen for eit anna i dobbeldrapssaka i Møllendalsveien i Bergen. Dommen frå Hordaland tingrett i november 2021 vart anka av både mannen og påtalemakta. Politiet mistenker no at mannen ikkje vil møte til ankesaka i lagmannsretten 25. april i år. Retten avgjorde i dag at mannen må sitte i varetekt fram til ankesaka startar.