Uavgjort i kampen om Bergen
Det vart 1–1 i fotballkampen mellom Brann og Åsane på Brann Stadion laurdag kveld. Til pause var stillinga 0-0, men berre fem minutt etter pause gjekk Åsane opp i leiinga. Åsane-kaptein Didrik Fredriksen fekk ballen på 16 meter, og skaut ballen rett i mål.
Knappe fire minutt seinare svarte heimelaget, då Sivert Heltne Nilsen utlikna for Brann. Bård Finne slo eit frispark inn i feltet, og der fekk Heltne Nilsen panneluggen på ballen.
Fleire mål vart det ikkje, og dermed enda lokaloppgjeret opp med eitt poeng til kvart av dei to bergenslaga. Brann har fire poeng etter to kampar i 1. divisjon og Åsane har eitt poeng.