Stor rasfare – stenger riksveg
0
Fleire vegar blir stengde søndag kveld som følgje av at det er stor rasfare. Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden, mellom Skei og Fjærland i Sogn og Fjordane, vart stengd klokka 21.30. Ny vurdering måndag morgon klokka 8. Det same gjeld fylkesveg 5724 Olden – Briksdalen og fylkesveg 5723 Loen – Bødalen. Også fylkesveg 5720 Hjellestranda er stengd grunna rasfare. Der blir det ny vurdering måndag klokka 12.