Tre til sjukehus ette RIB- uhell
0
Politiet rykte i 18-tida ut til eit uhell i ein RIB med ti passasjerar utanfor Godøya i Giske. Tre av dei er sende til Ålesund sjukehus med tilsynelatande mindre skadar. – Båten skal ha treft ei bølgje som har ført til ein hard stopp. Det er snakk om kuttskadar rundt munnen og mogleg skade i skulder, dei har fått ein bra trøkk, seier operasjonsleiar Leif Arne Mork.