Expressen: Brann ved militært skytefelt i Sverige
Det brenner i terrenget ved eit militært skytefelt i Uddevalla, melder Expressen. Det er fare for at det ligg ammunisjon i terrenget, noko som gjer at naudetatane må halde avstand. I tillegg deltar om lag 40 personar frå det svenske forsvaret i sløkkingsarbeidet, skriv Bohusläningen.
Brannen skal ha starta laurdags ettermiddag og skal vere rundt ein kilometer brei.
– Heimevernssoldatar har vore der og gjennomført ei planlagd øving. Det har tatt fyr på ein eller annan måte i samband med øvinga, seier Ulrika Darheden frå det svenske forsvaret til radiokanalen P4 Väst.