Sakna einauga katt funne på oljeplattform i Nordsjøen
Ein katt som har vore sakna frå familieheimen sin i Skottland i fem år, er funnen på ei oljeplattform utanfor austkysten av den skotske småbyen Peterhead. Det skriv The Guardian.
Den svarte, einauga katten som heiter Dexter vart funne for nokre dagar sidan inne i ein konteinar om bord på oljeriggen, opplyser dyrevernet i Skottland. Pusen vart fredag flogen tilbake til land i helikopter.
Dexter har truleg streifa lenge rundt i området rundt fengselet i Peterhead, som ligg ved hamna. Avisa skriv at katten har fått god pleie av dei tilsette i fengselet.
På eit eller anna vis har då Dexter klart å forvilla seg inn i ein konteinar og vorte med då den vart frakta ut til plattforma.
Vel tilbake på land vart pusen sjekka av ein dyrlege som fann ut at han var ID-merka, og det viste seg at han hadde vore sakna sidan 2017. Dexter er no gjenforeina med eigaren sin, som er begeistra over å få pusen sin tilbake.