"Haalands semifinale"
Erling Braut Haaland stel overskrifter framfor gigantmøtet mellom Manchester City og Real Madrid i semifinalen i Meisterligaen.
«La 'semifinal' de Haaland», på norsk «Haalands semifinale», var tittelen på toppsaka til Spanias største sportsavis, Marca, i morgontimane tysdag.
Avisa skriv at møtet mellom City og Real Madrid ikkje berre handlar om ein plass i Champions League-finalen, men også kampen om den norske stjernespissen.
– Madrid og City kjempar om nordmannen som framleis har ei uavklart framtid. Madrid og City er åleine igjen i ein kamp som nesten alle dei store klubbane i Europa har falle frå, skriv Marca.
Haaland er framleis Borussia Dortmund-spelar, men det er venta at han tek ei avgjerd om framtida om svært kort tid. Ein utkjøpsklausul i kontrakten hans gjer at han høgst sannsynleg forlèt Bundesliga til fordel for ein av dei nemnde storklubbane i sommar.
Marca argumenterer med at både City og Real etter seiande kan tilby Haaland det han ønskjer økonomisk, og at ein finaleplass i Meisterligaen derfor kan vere med på å påverke klubbvalet.