LO ut mot dårlege kontraktar på verft
LO og Fellesforbundet reagerer kraftig på arbeidsforholda ved norske skipsverft. Arbeidsministeren varslar storreingjering i arbeidslivet.
– Det er slaveliknande kontraktar. Det er fullstendig uakseptabelt at vi har det slik i Noreg.
Leiar i LO, Peggy Hessen Følsvik, omtalar rapporten om arbeidsforholda ved åtte verft som sjokkerande lesing.
I går offentleggjorde Arbeidstilsynet, Politiet og Skatteetaten resultata av «Operasjon verft» – eit to år langt tilsynsarbeid ved verft i Møre og Romsdal.
Arbeidet har avdekka grove lovbrot hos fleire av verfta sine underleverandørar.
Falske kontraktar, lønn på 30 kroner timen og jobb i vekevis utan éin fridag.
Konserndirektør for HMS og kvalitet i Vard, Magne Bakke, seier dei sette i verk tiltak umiddelbart etter tilsynet for eit halvt år sidan.