Noah: Politiet burde ikkje ta avgjerder om å avlive hundar
Torsdag skal det stemmast over den nye hundelova, som er venta å få fleirtal i Stortinget. Leiar av dyrevernsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen, er kritisk til at det framleis er politiet som skal bestemme om ein hund skal bli avliva eller ikkje, i tilfelle der den har skadd andre dyr eller menneske.
– Det har ikkje politiet kompetanse til å vurdere, for dei er ikkje ekspertar på hundeåtferd, og skal heller ikkje vere det, seier ho til NRK.
Martinsen meiner politiet må bli forplikta til å hente inn fagkunnskap i lova, til dømes gjennom å kontakte ein spesialist i hundeåtferd.
Sverre Myrli (Ap) er saksordførar for den nye lova, og meiner omsynet til avliving blir godt nok varetatt. Mellom anna skal ein søke andre alternativ enn å ty til avliving.
– Terskelen for å avlive ein hund er høgare no enn det som er gjeldande regelverk, seier Myrli.