Ulrikke Eikeri klar for semifinalen
Ulrikke Eikeri og belgiske Joran Vliegen slo duoen Neal Skupski/Desirae Krawczyk og er klar for semifinale i Roland-Garros-turneringa.
Det norskbelgiske paret vant i strake sett med siffera 2-6, 6–6 (7-4), 10–8 i avgjerande tiebreak.
– Eg tenkte vi hadde ein sjanse, men at vi måtte spele veldig bra, fortel Eikeri.
Skupski (Storbritannia) og Krawczyk (USA) var sett på som ein av dei største sigerskandidatane i Paris og er rangert som nummer fire.
Eikeri og Vliegen tok seg vidare frå første runde etter å ha slått den kasakhstanske duoen Anna Danilina og Andrej Golubev. Dei var rangert som nummer seks i turneringa.
Etter 2-6-tap i det første settet i måndagens kvartfinale vart det andre settet mykje jamnare. Til slutt sto det 6-6, og det måtte avgjerast i tiebreak som den norsk-belgiske duoen vann 7–4.
Etter som at begge lag vann kvar sitt sett, måtte også sjølve kampen avgjerast i tiebreak. I double spelast det berre to sett, og om det då er likt, skal det avgjerast i eit eiget tiebreak.
Der var Eikeri og Vliegen best og avgjorde ein spanande kamp med 10-8-siger.
I semifinalen ventar amerikanske Nicole Melichar-Martinez og tyske Kevin Krawietz.
– Vi må berre nullstille. Spele utan press og spele fritt, seier 29-åringen til NRK.