Bogey-bonanza for Hovland
Viktor Hovland gjekk seks slag over par på den tredje runden av golfturneringa i Ohio, hans dårlegaste runde på lang tid. Han er fem over par også samanlagt.
Han starta bra med to birdiar, men frå det femte til det tiande holet gjekk det skikkeleg ille:
Bogey-dobbelbogey-par-bogey-dobbelbogey-dobbelbogey.
Han avslutta med tre birdiar og tre bogeyar på dei ti siste hola, og hadde alt i alt ein mislykka dag, trass fem birdiar og fem hol på par.
I løpet av den svært ujamne runden svinga han frå to under par til seks over.
Då han var ferdig, låg han på 64.-plass av dei 70 som hadde greidd cuten.