Belgia slo tilbake så det sa seks
Robert Lewandowski sende Polen i leiinga mot Belgia i nasjonsligaen med sitt 57. landslagsmål, og det var nesten pause før heimelaget greidde å utlikne.
Men i andre omgang slo Belgia knusande til, og gav seg ikje før det stod 6-1. Leandro Trossard (2), Axel Witzel, Kevin de Bruyne, Leander Dendoncker og Lois Openda scora dei belgiske måla.
Belgia slo dermed også tilbake etter 1-4 for Nederland i første nasjonsliga-kamp for nokre dagar sidan.