Minst 50 drepne i Burkina Faso
0
Minst 50 sivile er drepne etter eit angrep mot ein landsby nord i Burkina Faso laurdag, melder AFP. Ein talsperson for regjeringa seier at dei mistenker at islamistar står bak angrepet. Han seier det er venta at dødstala skal stige.
FN fordømde angrepet i ei fråsegn måndag, og bad styresmaktene sørge for at dei ansvarlege blir straffa, melder Reuters.
Torsdag blei 11 militærpoliti drepne i det same området.