Byrådet i Oslo med pressekonferanse om Fornebubanen
Byrådet i Oslo har kalla inn til ein pressekonferanse om Fornebubanen måndag kveld. NRK erfarer at det skal dreie seg om at grunneigarane er villige til å betale over 2 milliardar ekstra for å få banen bygd.
Arbeidarpartiet i Oslo kom i mai med seks krav som måtte bli innfridd for at dei skulle støtte bygging av banen, som er ramma av milliardoverskridingar. Dei meiner Oslo ber for mykje av det økonomiske ansvaret, og at utbyggarane burde betale meir.