Vil endra namnet på apekoppar
Verdas helseorganisasjon (WHO) jobbar i lag med ekspertar for å finna eit nytt namn på sjukdommen «Monkeypox», eller apekoppar på norsk. Det skriv BBC.
Avgjerda blei tatt etter at 30 forskarar skreiv eit brev om «eit akutt behov for eit ikkje-diskriminerande og ikkje-stigmatiserande namn» for viruset og sjukdommen det førar med seg.
I brevet skreiv dei at det var upresist og diskriminerande å halda fram med å referera til viruset som afrikansk. Opphavet til det noverande utbrotet er framleis ukjent, står det i brevet. Andre varianter av viruset er funne i Storbritannia, Isreal, Nigeria, USA og Singapore, skriv dei.
Dei føreslår namnet hMPXV, men det er opp til WHO å bestemma.
Forskarane som skreiv under høyrer til institusjonar i Nigeria, Kamerun, Den demokratiske republikken Kongo, Etiopia, Den sentralafrikanske republikk, Sør-Afrika USA, Storbritannia, Sveits og Portugal.