Ambassade avviser at russiske myndigheiter er involvert i dataangrep
Den russiske ambassaden i Oslo avviser at russiske myndigheiter er involvert i dataangrepet mot Noreg.
Dei skriv på Facebook at dei synest det er upassande å kommentere handlingane til uidentifiserte personar som ikkje har noko med russiske myndigheiter å gjere.
Fleire norske nettstadar har blitt utsette for dataangrep onsdag. Justisminister Emilie Enger Mehl uttalte på ein pressekonferanse at «alt tyder på at det er angrep frå eit russisk, kriminelt miljø».
Ambassaden hevdar at informasjon om samhandlingsmåte med russiske etatar fleire gonger har blitt formidla til norsk side, men at norske myndigheiter nektar å etablere faglege kontaktar.