Politiet meiner bil til Sian-leiar blei påkøyrd med vilje – bilførar pågripen
Politiet i Oslo informerer om at dei har all grunn til å tru at bilen til Sian blei påkøyrd med vilje. Førar av den andre bilen er pågripen og køyrd til arresten.
I bilen til Thorsen var det fem personar. Fire av desse er køyrd til legevakt, medan den siste er køyrd til sjukehus. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar.
Politiet har grunn til å tru at bakgrunnen for påkøyrselen var at Sian har drive med koranbrenning gjennom dagen.