Isbre kollapsa i italienske alpar – fleire døde
Femten personar var involverte idet ein isbre kollapsa i dei italienske alpane. Minst fem skal vere døde og ti skadde, melder det italienske nyheitsbyrået API.
Ulykka skjedde ved fjellet Marmolada, den høgste toppen i dei austlege Dolomittane. Minst fem helikopter er med i redningsaksjonen.
Det norske utanriksdepartementet opplyser til NRK at dei ikkje er kjende med at norske borgarar skal vere involverte.
Det skal vere rekordhøge temperaturar i området og fare for fleire ras, skriv den italienske avisa Corriere delle Sera.