Hærverk på gravsteinar i Øygarden: – Nedrig
Kring 17 gravsteinar ved Hjelme kyrkje i Øygarden skal vera spraya med gul maling. Politiet melder at dei vil ta åstadsundersøking og oppretta sak. – Simpelt og nedring, karakteriserer dei skadeverket som på Twitter.
– Eg kan ikkje begripa kven som kan ha gjort noko som dette, seier kyrkjeverje i Øygarden, Annlaug Børve.
Ho vart idag varsla om tilgrisinga av besøkjande som var på kyrkjegarden i går, og meldte vidare til politiet.
– Dette er meir enn berre å tagga ned ein gjenstand. Det er å søla til minnet til nokon. Det er veldig sårande for dei pårørande, seier Børve.