Ny rapport: Kortsiktig profitt og økonomisk vekst trumfar andre verdiar i naturen
82 ekspertar frå Det internasjonale naturpanelet (IPBES) har bidratt til ein ny rapport som handlar om verdiar og verdisetting av naturen.
Hovudfunna i rapporten: * Kortsiktig profitt og økonomisk vekst overgår ofte omsynet til naturverdiar i politiske avgjerder. * Økonomiske og politiske avgjerder har i stor grad prioritert naturverdiane som er nyttige for industri og næringsliv, som energibruk, materialar og mat som blir produsert intensivt. * Vurdering av naturen ut frå marknadsverdien reflekterer ikkje i tilstrekkeleg grad korleis endringane i naturen påverkar folk sin livskvalitet og vidareføringa av naturen på lang sikt. * Under utforminga av politikk blir fleire verdiar som er verdsett av menneske oversett, som klimaregulering og kulturell identitet.
Rapporten kjem også med konkrete metodar og verktøy til avgjerdstakarar.
Miljødirektoratet har leia den norske delegasjonen. Rapporten er den andre utreiinga som blei godkjent i Bonn i førre veke.
Utreiinga vil vera sentral når verdas land gjennom konvensjonen for biologisk mangfald skal bli einige om nye mål for naturen i Montreal i desember.