Eriksen kan få sin United-debut på Ullevaal
Christian Eriksen sluttar seg ikkje til Manchester United-troppen i Australia. Dermed kan dansken få debuten sin mot Atlético Madrid på Ullevaal stadion.
Det skriv BBC.
Manchester United har to kampar igjen i Australia før dei reiser tilbake til Europa for å fortsette sesongoppkøyringa mot neste sesong.
Ifølge BBC flyr ikkje Eriksen ned til Australia for å vere med på dei to siste kampane der. Han vil først knytte seg til United-troppen før Oslo-turen til dei raudkledde i slutten av juli.
I Noreg møter den engelske storklubben spanske Atlético Madrid på Ullevaal stadion 30. juli. Eriksen har signert ein treårskontrakt med Manchester-klubben etter at kontrakten med Brentford gjekk ut etter sist sesong.