Kina: Målretta militære operasjonar rundt Taiwan
0
Kina sitt forsvarsdepartement opplyser at dei planlegg målretta militære operasjonar i havområdet rundt Taiwan. Det skjer etter den amerikanske politikaren Nancy Pelosi sitt Taiwan-besøk.
Ifølge Reuters vil dette skje allereie frå tysdag kveld, lokal tid.
Det vil bli brukt skarp ammunisjon.
Taiwan sitt forsvarsdepartment ber borgarane sine vere årvakne, men åtvarar samstundes mot å tru på rykter, ifølge Reuters.