Høgre føreslår å auke straumstøtta frå 1. september
Høgre føreslår å auke straumstøtta til folk til 90 prosent av alle kostnadar over 70 øre allereie frå 1. september.
Høgre-leiar Erna Solberg er open for å hasteinnkalle Stortinget i ferien for å få dette til.
– Staten tek inn veldig mykje pengar på straum for augeblinken. Dette er inndraging av pengar frå norske familiar og bedrifter, seier Solberg.
Ho meiner det no er sterkt behov for auka straumstøtte.
– Alle trudde det ville bli lågare prisar og mindre forbruk i sommar, men prisane har blitt høgare. Særleg på Sør- og Vestlandet. Derfor går vi inn for 90 prosent allereie frå september av.
Høgre jobbar også med forslag til ei rekke andre tiltak som kan bidra til å dempe straumkrisa. Blant dei er eit forbetra forslag til straumstøtte til småbedrifter.