Kritisk for kajakkpadlar
Tilstanden til kajakkpadlaren som kantra i ei elv på Lom er kritisk, melder politiet.
Personen vart henta opp frå eit juv på 60-70 meter. Han vart flydd til St. Olavs hospital med luftambulanse.
Redningshelikopter og alpin redningsgruppe deltok i redningsaksjonen. Redningsforholda skal ha vore krevjande, ifølge polititet.
Kajakkpadlaren vart helden fast i vatnet av personar på staden. Det var to kajakkar i vatnet, og fleire personar følgde langs vatnet.
Kriseteam er varsla for å ta hand om dei som har vore til stades.