Barn skoten i Sverige: – Det er ingen sikkerheit
Ei mor og sonen på fem år vart trefte av skot ved ein leikeplass i Årby i Eskilstuna i Sverige fredag kveld.
Politiet seier til SVT at kvinna og barnet mest sannsynleg ikkje var det opphavlege målet.
Ingen er pågripen i saka enno.
SVT skriv at det har vore to separate skytingar med nokre timars mellomrom i Eskilstuna på under ei veke.
Politiet vil ikkje seie om skytinga på fredag er tilknytt dei tidlegare hendingane, men dei seier at valden mellom kriminelle har vore høg over lang tid. Det skriv SVT.
Faren til den fem år gamle guten seier til Dagens Nyheter er bekymra for sikkerheita i Årby.
– Eg er redd, borna mine er redde. Korleis skal vi bu ein stad der barn risikerer å bli skotne på ein leikeplass? Det er ingen sikkerheit lengre, seier han til den svenske avisa.