Tre 15-åringar er mistenkt etter bombefunn i Sverige
Tre 15-åringar er mistenkt for å stå bak ei bombe som vart funnen i slottsparken i Stockholm, skriv Expressen.
Svensk politi fann sist søndag ein bag som inneheldt ein sprengladning utanfor ein restaurant i Kungsträdgården midt under Stockholms kulturfestival.
Ein av dei tre gutane er varetektsfengsla og mistenkt for forsøk på grov, allmennfarleg øydelegging. Dei to andre mistenkte er framleis på frifot.
Vedkommande som er arrestert nektar straffskuld ifølgje advokaten sin.