Meir Qatar-kritikk for Beckham
David Beckham (47) får igjen høyre det frå Amnesty for å la seg bruke som ein frontfigur i opptakten til fotball-VM i Qatar.
Den tidlegare storstjerna i Manchester United og Real Madrid har sidan i fjor vore ein såkalla kulturambassadør for Qatar-sluttspelet. Kampane der skal spelast i november og desember.
No reagerer Amnesty på ein ny reklamevideo med Beckham. Der kan ein sjå 47-åringen i naturskjønne omgivnader seie mellom anna dette:
– Dette er perfeksjon for meg. Qatar er verkeleg ein utruleg stad for eit stopp på eit par dagar. Eg kan knapt vente på å ta med meg barna mine tilbake hit.
Qatar har i årevis vorte kritisert for manglande menneskerettar og dårleg behandling av gjestearbeidarar. Amnesty meiner det er synd at Beckham skjønnmålar landet.
– Dette er berre den siste i rekkja av gjennomtenkte og positive videoar om Qatar som David Beckham set ansiktet sitt på, seier Felix Jakens.
Han er kampanjesjef for menneskerettsorganisasjonen i Storbritannia.