Også England VM-klar
England, som vann EM-finalen i sommar, er klar for neste års fotball-VM etter 2-0 borte mot Austerrike laurdag. Alessia Russo og Nikita Parris scora måla.
Sju europeiske lag er dermed VM-klare som gruppevinnarar i kvalifiseringa - Norge, Sverige, Danmark, Spania, Frankrike, Tyskland og England.
Dei to siste blir klare tysdag, og der ligg Italia og Nederland best an.
Dei ni laga som blir nummer to i sine grupper, skal i oktober spele omspel om dei to siste plassane frå Europa.
Det tredje laget i omspelet går til eit interkontinentalt omspel der ti lag kjempar om tre plassar.