Hauger-opptur i Zandvoort
Dennis Hauger har møtt mykje motgang i Formel 2 sidan byrjinga av sommaren. Laurdag fekk han seg ein etterlengta opptur etter pallplass i sprintløpet i Zanvoort.
Nordmannen fekk ein draumestart på løpet der han starta frå fjerde startposisjon etter ein fin kvalifisering fredag. Allereie på første runde klarte han å ta seg forbi Juri Vips, og opp på tredjeplass.
Den posisjonen beheldt han gjennom heile løpet.
Det blei stor spenning i slutten av løpet, då ein sikkerheitsbil gjorde at feltet blei samla før restarten ei runde før slutt.
Liam Lawson la press på Hauger gjennom løpets siste runde, men nordmannen klarte å halde unna, og sikra seg sin første topplassering sidan sigeren i Aserbajdsjan tidleg i juni.
I søndagens hovudløp startar Hauger som nummer sju.