Forlik for par som lånte 6 millionar
Ekteparet som lånte meir enn 6 millionar kroner frå Sparebank 1 SMR har inngått forlik med banken. Det stadfestar ekteparet sin advokat, Ingvild Tennebø. Trass i at paret hadde ei samla inntenkt på rundt 500.000 kroner, fekk dei ei rekkje lån i banken. Paret hevda under rettsaka sist veke at dei ikkje fekk signal frå bankrådgjevaren om at dei ikkje burde ta opp låna. Tennebø vil ikkje seie noko om innhaldet i forliket.