Storkampar i PL er utsette
Tre kampar i Premier League er utsette komande helg.
Det er Brighton - Crystal Palace laurdag, og storkampane Manchester United - Leeds og Chelsea - Liverpool søndag.
Deri blir utsette fordi arrangement rundt gravferda til dronning Elisabeth krev store politiressursar.
Dei sju andre kampane i serierunden i helga går som planlagt.
Sist helg blei alle fotballkampar i Storbritannia utsette på grunn av dødsfallet.