Bergensk festdag i Toppserien
Bergenslaga kunne juble mest i kampane i Toppseriens kvalifiserings-serie søndag. Arna-Bjørnar slo Røa 3-0 heime i Bergen, og Åsane slo TIL 2020 2-0 i Tromsø.
Linnea Laupstad scora det første like før pause, og i andre omgang sikra Miljana Ivanovic og Tomine Svendheim sigeren for heimelaget.
Andrine Mo scora ein gong i kvar omgang for Åsane, som reiste frå Tromsø med tre sterke poeng i bagasjen.
I dagens tredje kamp spela Kolbotn og LSK Kvinner 2-2 i ein kamp som opna livleg. Tonje Pedersen scora på straffe for Kolbotn, men Amanda Johnsson Haahr snudde kampen med to raske scoringar, og LSK leia 2-1 etter ein halv omgang. Eline Hegg utlikna like etter pause, og Kolbotn hadde store sjansar på slutten.
Med fire kampar att er dei to Bergens-laga på første og tredjeplass. Med Brann i tillegg kan det bli tre lag frå byen i Toppserien neste år.
Kolbotn har derimot fått ein treig start i denne serien, og ligg nest sist.