Steinras i Ullensvang
Det har gått eit stein- og jordras på ein eigedom i Røldal i Ullensvang. Politiet melder på Twitter at har kome ned ein større stein, og ein del jord og vatn. Raset ligg tett opp mot E134. Vitne høyrer buldring i fjellsida. Politiet jobbar med å varsle kommunen.
Nabo Gunnar Øverland bur ikkje langt frå raset.
– Det ramla noko frykteleg, og kona såg ein stein større enn ein bil, seier Øverland.
Eit augevitne seier til Hardanger Folkeblad at store steinar har kome ned og stoppa om lag ti meter frå to garasjar. Ein kampestein har stoppa mellom garasjane.