Kvinne mistenkt etter stort gullsmedtjuveri
Ei kvinne er pågripen etter at verdiar for fleire hundre tusen kroner vart stolne frå ein gullsmedbutikk i Bergen i dag.
Meldinga om ei knust rute i inngangspartiet på eit kjøpesenter i bydel Arna kom til politiet like etter klokka 12. Politiet skriv på Twitter at takka vere gode overvakingsbilete og godt lokalt politiarbeid er no ei 29 år gamal kvinne pågripen. Det blir no jobba med sporsikring og avhøyr.
– Kvinna har vore inne i kjøpesenteret nokre timar tidlegare, seier Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. Overvakingskamera hadde veldig gode bilete inne og ute.
Det viste seg at kvinna var ei som ein lokal politipatrulje hadde møtt tidlegare på dagen på ei adresse i bydelen. Politiet reiste tilbake til adressa og trefte kvinna, og fann store mengder av det stolne godset.
– Politiet veit ikkje om alt av tjuvegodset er kome til rette, og jobbar med å sjå om den mistenkte kvinna har hatt med seg nokon andre, seier Hellesund.
Det er ganske store mengder som er tatt frå butikken, opplyser politiet. Dei jobbar no med å skaffe seg oversikt.