Mann død etter drukningsulukka
Ein mann i 70-åra er død etter drukningsulukka i Skuteviken i Bergen. Det var klokka 08.27 måndag morgon at politiet fekk melding om at ein person var observert i sjøen utanfor Skuteviken. Det vart gjort livreddande førstehjelp på staden, men mannen vart etter kort tid erklært død, opplyser politiet i ei pressemelding.
Politiet har ingen opplysingar om kva som har skjedd, men det er ikkje mistanke om ei kriminell handling. Dei opprettar sak, og avdøde skal obduserast.