Ny måling: Høgre og Frp med reint fleirtal
Norstat si novembermåling gjort for NRK og Aftenposten viser at Høgre og Frp ville gjort storeslem om det var val i dag. For første gong sidan august 2013 viser målinga at dei to partia ville fått reint fleirtal i Stortinget.
Berre 18,2 prosent av dei spurde seier dei ville stemt Arbeidarpartiet om det var val i dag. Dette er det svakaste resultatet for Ap gjort på ei måling gjort for NRK. NRK har målingar ein kan samanlikne tilbake til 2006. Det er den fjerde målinga på rad der Arbeidarpartiet ligg under 20 prosent oppslutnad.
Senterpartiet får ein oppslutnad på 4,3 prosent, det er ein tilbakegang på 1,9 prosent sidan sist måling. Ved valet fekk dei 13,5 prosent av røystene. No nærmar partiet seg faretrugande sperregrensa som er på 4 prosent. Sperregrensa er ei minimumsgrense for kor høg oppslutnad eit parti må ha for å få tildelt seter i Stortinget.