Sendt til straffekoloni sør for Moskva
Den amerikanske basketballstjerna Brittney Griner er sendt til ein straffekoloni i Mordovia-regionen i Russland, skriv nyheitsbyrået Reuters.
I august vart Griner dømt til ni års fengsel etter at ho vart arrestert på ein flyplass i Moskva i februar med vape-patroner som inneheldt cannabisolje i bagasjen. Dommen skulle sonast i ein straffekoloni.
Ho vart flytta frå eit interneringssenter i nærleiken av Moskva 4. november, og ifølgje ei kjelde Reuters siterar er det no klart at ho er overført til den kvinnelege straffekolonien IK-2 i Yavas i Mordovia, 50 mil søraust for Moskva.
Det er same region der ein annan amerikanar, Paul Whelan, sonar eit 16-års dom for spionasje, som han meiner han er uskuldig dømd for.
– Vi er klar over meldingane om kvar ho er, og vi er i hyppig kontakt med dei juridiske teama hennar, sa ein talsperson for det amerikanske utanriksdepartementet.