Klimatoppmøtet på overtid
Klokka 21 norsk tid skulle det vore eit avsluttande møte med alle delegasjonane under klimatoppmøtet i Egypt. Det skjedde ikkje.
– Vi er kraftig på overtid. Dette trekker verkeleg ut, seier klima og miljøminister Espen Barth Eide til NRK.
Han kom nett ut av konsultasjonsmøtet med dei andre delegasjonsleiarane som har jobba med hovudvedtaket. Dette forhandlar dei framleis om, ifølgje Eide.
– Dette kjem til å ta tid. Det er fordi det er ein del usemje om dei heilt sentrale spørsmåla knytt til utsleppsreduksjonar.
Han seier at 1,5-gradars-målet blir ståande, men for å gjennomføre det må det skje ei handling. Det er dette arbeidsprogrammet som dei klimaprogressive landa vil ha, ifølge Eide.
– Men det møter mykje motstand frå veksande økonomiar i sør, avsluttar han.