Stoltenberg helsar norsk-tysk samarbeid velkomen
Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg er positiv til forslaget frå Noreg og Tyskland om å opprette eit senter som skal overvake undersjøisk infrastruktur.
– Eg helsar forslaget frå Tyskland og Noreg varmt velkomen, seier Stoltenberg.
Han ser fram til å diskutere saka med Olaf Scholz og Jonas Gahr Støre seinare onsdag.
– Nato har i ei årrekke jobba for å sikre undersjøisk infrastruktur. Vi har auka innsatsen etter sabotasjen av Nord Stream-gassleidninga nyleg, seier Stoltenberg vidare.
Ifølgje han er det avgjerande å gjere meir for å sikre infrastrukturen til havs mot framtidig sabotasje.
(NTB)