VG: Fire tiltalt etter Tolga-bortføringa
0
Fire menn i 20-åra er tiltalt for bortføring eller medverka til dette etter at ein mann i 20-åra blei skoten og bortført frå heimen til foreldra på Tolga i januar, skriv VG.
Tre av dei er også tiltalt for å ha ein revolver, i tillegg til vald og truslar mot offeret og foreldra hans i samband med bortføringa.
Politiet har tidlegare sagt at gjeld var eit mogeleg motiv for bortføringa.