Verdsbanken uroa for fattige land si gjeld
Dei fattigaste landa i verda skuldar no 62 milliardar dollar i årlege innbetalingar. Det er ein auke på 35 prosent frå i fjor.
Presidenten David Malpass i Verdsbanken seier torsdag at den stadig høgare gjelda aukar faren for misleghald av lån.
– Eg er uroa for konsekvensane av misleghald, når det ikkje er eit system for handtering av dette for fattige land, seier Malpass.
To tredelar av gjelda er til Kina, fortel han til Reuters.