Titusenvis av fisk kan ha rømt frå anlegg ved Volda
I september rømde fisk frå Gadus Group sine anlegg utanfor Volda. Ifølgje Sunnmørsposten har selskapet i helga forsøkt å kartleggje rømminga, og estimerer at mellom 58.000 og 87.000 fisk kom seg ut av merdane. Det skal vere mellom 4.6 og 7.0 prosent av det totale talet fisk sett ut i anlegget.
– Dette er ei uønskt hending og vi har no gjennomført ei gransking av hendinga saman med eksterne aktørar for å avdekke kva som har skjedd, seier samfunns- og myndigheitskontakt i selskapet, Falk Øveraas, til avisa.