Statens vegvesen om julefarten: Ver på vakt
Statens vegvesen forventer at juleutfarten starter onsdag, men at den store utfartsdagen blir torsdag, skriv Vegvesnet i ei pressemelding.
– Eg opplev at trafikantane er flinke og ansvarlege i juletrafikken, men eg ber dykk likevel vera på vakt. Det er meldt om skiftande vêr- og føre, spesielt over fjellet, og dett kan gjera turen krevjande, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Vegvesenet rår trafikkantane til ikkje å stresse, holda seg oppdatert på trafikken, tenka seg om før ein køyrer forbi, pakka trygt og køyra ansvarleg.
Kvart år har det vore rundt 75 ulykker med personskadar i juletrafikken, ifølge Vegvesenet.
– I fjor døyde ingen i tida mellom jul og nyttår. Me må alle gjera vårt for at det heller ikkje blir nokon i år, seier vegdirektøren.