Funn av livlaus person i Vågen i Bergen
0
Ein person er funnen livlaus i vatnet ved Bradbenken i Vågen i Bergen.
Politiet er på staden og stadfestar funn.
– Personen er død og ikkje identifisert, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Eivind Hellesund.
Dei arbeider no med å identifisere personen og undersøke kva som har skjedd.