Fylkesråd ber Bane Nor-leiinga vurdere stillingane sine
Fylkesråd Olav Skinnes (Sp) i Viken meiner toppleiinga i Bane Nor må vurdere stillingane sine etter opninga av Follobanen i midten av desember. Kort tid etter opninga måtte banen stenge igjen på grunn av straumproblem, og no ser det ikkje ut til at dei kan opne igjen før tidlegast i februar.
– Det er så pinleg at Bane Nors toppleiing bør ta ei seriøs eigenevaluering og sjå om det er nokon som bør få seg ein annan jobb, seier han til NTB.