ECDC: Testing av reisande frå Kina ikkje naudsynt
0
Obligatorisk koronatesting av reisande frå Kina er fagleg ugrunna, fastslår EUs smittevernbyrå, ECDC. USA, Italia og fleire asiatiske land har vedteke at alle som kjem med fly frå Kina må vise fram ein negativ koronatest. Ifølge ECDC er det ikkje aktuelt å innføre eit slikt krav i EU samla sett, fordi byrået meiner det er eit ikkje naudsynt smitteverntiltak.