Trump ankar overgrepsdom
Donald Trump vil anke dommen i sivilsaka der han er dømd til å betale til saman 5 million dollar i oppreising for overgrep og ærekrenkingar til E. Jean Carroll. Han kallar dommen for ei skam, melder Reuters.
Carroll skulda Trump for valdtekt og for å ha kome med ærekrenkingar då han sa at det var løgn.
Juryen, som brukte mindre enn tre timar på å bli samde, frikjende Trump for valdtekt, men skuldig i overgrep og ærekrenkingar.